Dette kan du seie til deg sjølv når du ikkje lukkast

Korleis snakke deg sjølv opp i staden for ned?

Ung.forskning.no og psykolog Per-Einar Binder har gode tips.

Alle opplever å ikkje lukkast i ting dei prøver på. Alle tabbar seg ut. Alle seier eller gjer ting dei blir flau over. Alle opplever at nokon dei har lyst å vera saman med, ikkje har lyst å vera saman med dei.

Kva kan du seie til deg sjølv då?

Behandle deg som ein ven

Forsking viser at sjølv-medkjensle verkar godt i slike situasjonar.

Det tyder at du behandlar seg sjølv som ein ven når du har det vondt. Og at du legg merke til at du ikkje er åleine om å ha det slik.

Her er ei lita øving du kan prøve neste gang du opplever å gå på tryne:

1) Sei inni deg at «dette var vondt», eller «dette var tøft» eller «uffff, dette var kjipt». Då støttar du deg sjølv.

2) Minn deg sjølv på at «andre menneske har det også vondt inni seg på dette viset», eller «slik er det å vera menneske, det blir vondt av og til», eller «eg er ikkje åleine om å ha det slik». Når vi minner oss sjølv på at det er normalt å gå på tryne, blir vi ofte mindre flaue.

3) Spør deg sjølv: «kva treng eg når eg har det vanskeleg på dette viset?». Kanskje er det noko du treng å seie til deg sjølv, eller kanskje det er noko du treng å gjere. Av og til finn vi ikkje svar på kva vi treng med ein gang. Men, vi får meir respekt for oss sjølv når vi stiller oss det spørsmålet.

(Kjelde: Ung.forskning.no)