8. desember

Store og små lærte å lage enkel julepynt av gamle bøker. Her kan du bli inspirert!

Juletre med lys:

Har du mange bøker, kan du lage eit lite juletre av bøker: stable bøker, mange nedst, så færre og færre oppover. Til slutt kan du pynte med juletrelys.

FOTO: Janne Nerheim

Bokjuletre:

Har du ei gamal bok – kan du brette deg eit juletre. Du treng ikkje lime. Når du brettar sidene slik som vist på biletet, formar treet seg.
  1. Start med å ta vekk den harde fronten på boka.
  2. Så brettar du slik:
Papirjuletre:
  1. Klipp ut eit juletre i papir, og så brukar du det som mal. Bruk ein gråblyant til å teikne rundt treet, og klipp ut fleire tre. Gjerne 10-12 tre.
  2. Legg alle trea i ein haug, og be ein vaksen om hjelp til å sy ein rett saum frå stamma og opp til tretoppen.
  3. Brett bitane litt frå kvarandre, slik at treet blir fyldig og fint.
  4. La sytråden bli litt lang, slik at du kan henge treet opp i vindauga eller på det store juletreet.
NB: Du kan sjølvsagt bruke same framgangsmåte, og klippe rundingar for å lage julekuler, hjarter eller ei anna form du likar.