Fleire synest det er flaut at andre høyrer når dei tissar: Utfordrar seg til å gå på do

Selma Elise (13) er ikkje åleine om å vere redd for å gå på do på skulen. Ho skulle ynskje at det var lettare å tørre å gå på do utan at det skal vere flaut.

– Då eg var yngre var det ikkje flaut i det heile teke, men etter eg blei eldre har det vorte flauare å gå på do for eksempel på skulen eller på andre offentlege toalett. Då endar det opp med at eg ofte held meg til eg kjem heim den dagen. Eg har blitt ganske god på å halde meg, fortel Selma Elise.

Å halde seg når ein eigentleg må på do, er ikkje bra. Det har ho sjølv fått oppleve.
– Eg heldt meg så lenge at eg fekk forstoppelse! Det var veldig vondt, seier ho.

Eit jenteproblem

Venninna Vilde (13) kan fortelje at det er mange jenter som ikkje tør å prate ope om bæsj og tiss. Ho trur det kan vere rota til problemet.
– Gutane er ikkje redde for å rope ut at dei må gå på do, medan vi jentene snakkar litt mindre om det. Eg trur det hadde blitt betre dersom jentene hadde vore betre til å snakke om bæsj og tiss. Kanskje tørre å tøyse med det litt meir, seier Vilde.
Selma Elise legg til at jenter og gutar må like mykje på do, og at det difor er viktig at det kan skje ei endring slik at alle tør å gå på do.

– Eg prøver å bli flinkare til å tørre å gå på do på skulen og eg trur at Helsesista sin #dosschallenge kan hjelpe mange, inkludert meg sjølv, smiler ho.

Utfordrar jenter til do-konkurranse

Pressebilete, Tale Krohn Engvik -Helsesista

Tale Krohn Engvik, betre kjent som Helsesista på Snapchat, har ei utfordring til jenter som er redd for at andre skal høyre at dei tissar.

Denne utfordringa kallar ho #dosschallenge og går ut på at unge skal gå inn på toalettet for å gå på do utan å ha på vasken, musikk eller anna som «skjuler» naturlege tisse- og bæsjelydar.
Tidlegare i haust fortalde NRK om eit kjøpesenter som hadde fått oversvømming og skader på toaletta fordi vannkrana på dametoaletta alltid rann. Dette var fordi jenter prøvde å skjule dolydane ved å la vatnet renne eller lufttørkaren stå på. Då Helsesista fekk høyre dette følte ho at noko måtte gjerast.
– Eg tenkte at dette går altså ikkje an. Vi må kunne gå på do, tisse, bæsje og prompe så det dundrar, for det er heilt naturleg, og ikkje noko vi skal skamme oss over, fortel Helsesista.

Skadeleg for kroppen å halde seg

Helsesista fortel at det er veldig skadeleg for både urinblæra og tarmen vår dersom vi held oss for lenge med å gå på do.
– Du skal gå på do når du kjenner at du må. Både jenter og gutar må vere glade for at dei har ein kropp som virkar og som seier frå når den må på do, så ver snill mot kroppen din og tiss, bæsj og promp når du føler for det, oppfordrar Helsesista.