Nordlys er årets barnebokfavoritt

ARKs barnebokpris 2018 går til Nordlys: Reisen til Jotundalen av Malin Falch.

ARKS barnebokpris er ein pris for barnebøker der 10 000 femte-, sjette-, og sjuandeklassingar frå heile landet står bak kåringa.

Stolt prismottakar

– Det er nesten eventyrleg å vinne denne prisen. Særleg sidan det er barna sjølv som har stemt Nordlys fram. Når dei les Nordlys, håpar eg at dei følar berre eit fnugg av den fortryllinga eg kjenner akkurat no, sa Malin Falch då ho fekk vite at boka hennar er kåra til favoritten til borna i år.

Reisa til Jotundalen er fyrste teikneseriebok i Nordlys-serien, og den stolte prismottakaren følgjer opp med neste bok i serien til våren.

Boka er på bokmål og er gitt ut på Egmont Kids Media.