Regnskogen er viktig for mange dyr og planter. Verdas regnskog gir liv til 260 millionar menneske og kanskje så mykje som 80 prosent av landjordas dyre- og plantearter. Cerradoen er ein tropisk savanne i Sør-Amerika. Den utgjer 22 prosent av Brasil sitt landareal.
– Det kan bli naudsynt å hogge ned nye område av brasilianske skogar og andre økosystem for å utvide jordbruksproduksjonen, seier Tereza Cristina i eit intervju med avisa Globo.
Vil ikkje bevare miljøet
1. januar blir Cristina Brasil sin nye landbruksminister i den nyvalte presidenten Jair Bolsonaro si regjering.
Organisasjonar som jobbar for å bevare miljøet, er sinte. Landbruksministeren har nemleg sagt at ho vil avskoge og gjere mindre for å ta vare på miljøet.
Eit område som er 730.000 kvadratkilometer – eit område like stort som Frankrike, står i fare for å bli avskoga.
Cristina seier at alle må følge loven, men loven i Brasil er veldig vanskeleg å forstå, og den endrar seg frå område til område. Enkelte plassar har bøndene lov å hogge ned heile 80 prosent av skogen.