Skal din skule på julegudsteneste?

Alle skular blir oppfordra til å tilby skulegudstenester, og eit likeverdig alternativ for elevar som ikkje vil gå i kyrkja..

Etter ønske frå Stortinget om å rydde opp i regelverket rundt skulegudstenester, presenterer no Utdanningsdepartementet ein revidert, nasjonal rettleiar.

Der heiter det at alle skular blir oppfordra til å tilby skulegudsteneste, eller eit likeverdig alternativ for elevar som ikkje ønskjer å delta i den tradisjonelle gudstenesta.

Éin av fem skular droppar

Enkelte stader i landet har det vore uro og uvisse knytt til gjennomføringa av skulegudstenester. I 2016 viste eit oversyn frå Kommunal Rapport at éin av fem skular, rundt 600 av dei 3.000 grunnskulane i landet, valde å droppe skulegudstenesta.

Statsråden håpar no at så mange som mogleg av kommunane og skulane legg til rette for skulegudstenester.

Saka stod fyrst omtalt på Framtida.no