Tetris kan hjelpe mot bekymringar

Ny studie viser at du kan oppleve «flyt» ved å spele Tetris.

Dataspelet Tetris blei nyleg brukt i eit eksperiment for å skape tilstanden «flyt», skriv Forskning.no.

Men kva er «flyt»?

Dette ordet blir brukt av psykologar for å skildre ein tilstand der ein person er så engasjert i noko at ein ikkje legg merke til resten av verda. Dessutan kjennast det som om tida går raskare.

Denne kjensla kan du til dømes få når du spelar eit instrument etter gjer noko anna som er krevjande, men som du kan godt.

Kan hjelpe

Forskarar frå University of California har funne ut at dette er perfekt avkopling. Og viss ein er i ein vanskeleg situasjon, kan det hjelpe.

Psykolog Per Einar Binder er professor på Universitetet i Bergen. Han seier til Forskning.no at studien er interessant.

– Grunnen til at vi blir mindre bekymra, er at vi rett og slett ikkje har nok merksemd til å bruke til bekymringar når vi bruker den på ein aktivitet som skapar «flyt».

Born i fysisk leik er ekspertar på å finne denne kjensla.