Korleis kan mørketida bli ei fin tid?

Ung.no sin ungdomsjournalist Amalie har tenkt på det. Her er hennar beste tips.  

Mørketid har vi når sola er vekke heile døgnet. Dette skjer i Nord-Norge. Kvifor? Jo, det er nemleg slik at jordaksen er på hell i forhold til den bana jorda beveger seg i rundt sola.

Korleis blir vi påverka av mørketida?

Nokon kjenner seg slappare enn elles og nokon blir meir trøtte. Mange merkar ikkje noko i det heile.

Det kan vere vanskeleg å konsentrere seg når det er mørkt heile, eller størsteparten, av dagen.

Når du kjem heim frå skulen kan det vere vanskeleg å sette seg ned med lekser, særleg viss du har fått lite søvn natta før.

I den store Tromsøundersøkinga kom det nemleg fram at rundt 10-20 % av befolkninga har problem med søvnen i mørketida. Det skjer fordi døgnrytmen blir påverka av at dagslyset er vekke.

Korleis takle mørketida best mogleg?

Her er nokre av Ung.no sine tips:

Kom deg opp om morgonen. Dette er bra for døgnrytmen, set kroppen i gang og er ein god start på dagen.

Det er viktig å ete regelmessig og sunt.

Trening og fysisk aktivitet er bra. Bruk gjerne tida ute viss det er litt lys å få.

Ikkje stress, dette gjeld jo heile året, men det er viktig å ta ekstra godt vare på seg sjølv i mørketida.

Lysterapilampar kan hjelpe for nokon, for andre kan det hjelpe å reise sørover der det er sol.

Bruk tid saman med gode vener og familie.

Slapp av og pass på døgnrytmen din.

Bruk tid på aktivitetar som gir deg glede og energi.

Bruk naturen og det den har å by på!

For mange er det lurt å få i seg D-vitamin, fordi du ikkje får det frå sola på denne tida av året.