Hjelp Victor med å stoppe zombieviruset

I morgon, laurdag 27. oktober, skjer noko heilt spesielt. Victor i FlippKlipp blir låst inne i «Base Z» - ein nedlagt militærbase der det kryr av zombiar.

Dette skjer gjennom ein live-stream på YouTube, der du må hjelpe Victor.

Victor veit eigentleg ingenting om kva som skjer. Det einaste han veit at han blir låst inn i ein base, der han skal løyse oppgåver for å hindre at eit zombievirus bryt ut.

– Eg var inne i planlegginga, då vi var i idéfasen, men blei kasta fort ut. Meininga er at eg skal oppleve det som skjer der og då – saman med sjåarane.

Du må hjelpe

For at dette skal gå bra, er Victor heilt avhengig av deg for at han skal klare oppdraget. Dette kan du gjere i ein live chat.

– Slik eg har forstått det så kan sjåarane hjelpe meg undervegs med å kome med tips til løyse oppgåver eg får undervegs. Dei ser kanskje ting som ikkje eg gjer.

Live-streaminga «Base Z» kan du sjå kl 13.00 på FlippKlipp sin eigen YouTube-kanal NRK Flipp Klipp. Aldersgrensen er satt til 10 år.