Føreslår å erstatta bibliotekarar med datamaskiner

Finnmark fylkeskommune må spara pengar, og føreslår å kutta ut skulebibliotekarane.

Fylkeskommunen må spara over 11 millionar kroner, og ser no på korleis dei kan spara og effektivisera skulane i fylket.

Eitt forslag er å erstatta skulebibliotekarane med datamaskiner.

– Det er ein risiko for at det går ut over viktige tilbod, åtvarar dei tillitsvalde i Bibliotekarforbundet i eit brev.

NRK har intervjua elevar som òg understrekar at dei treng skulebibliotekarane, mellom anna for å finna bøker og hjelpa til med kjeldekritikk.