Japan har landa robotar på ein asteroide

Det japanske luftfartsprosjektet, JAXA, laga historie då den ubemanna sonden Hayabusa2 landa to robotar på ein asteroide.

Informasjonen som kjem frå robotane som har landa på asteroiden, kan ifølgje forskarane hjelpe oss å finne meir ut om opphavet til solsystemet vårt, og korleis det fyrste livet oppstod på jorda, skriv DOGO News.

Robotane tek bilete og filmar frå asteroiden, og sender det attende til jorda.

Kva er ein sonde?

  • Ein sonde fangar opp signal der den vert sendt.
  • Signala kan vera elektriske, lys eller bilete.
  • Sonden kan bli fjernstyrt.