Fann skadelege stoff i slim og putty

Fleire av slim- og putty-leikene vi får kjøpt i norske butikkar inneheld svært skadelege stoff, ifølgje Miljødirektoratet.

Slim og putty er veldig poulære leiker. Putty er ikkje klissete slik som slim, det er litt fastare i konsistensen, slik at ein kan forme det. No åtvarar Miljødirektoratet mot fleire av leikene.

Stoppar sal

Sist Miljødirektoratet hadde kontroll testa dei 14 produkt, og heile seks av desse inneheld stoff som skadar helsa vår. Desse produkta er no stoppa, og butikkane får ikkje selje dei meir, skriv VG.

– Butikkar og importørar må sørge for å ha gode rutinar for å kontrollere at produkta dei sel er sikre, seier Mathieu Veulemans, som er leiar for gruppa som sjekkar dette i Miljødirektoratet.

Kva er trygt?

Som kunde i leikebutikken er det eit par ting du kan gjere før du handlar slim og putty:

  • Ikkje kjøp slim utan CE-merking. Alle produkt skal også ha namn på produsenten, og det skal stå kven som er importør.
  • Alle farlege produkt i Europa, vert meldt inn i denne databasen: Rapid Alert System, Rapex. Her kan ein vaksen hjelpe deg å sjekke kva slim og putty som er farleg.