Michelle Obama til unge veljarar: – Ta makta tilbake

Kona til den førre presidenten i USA ber unge veljarar om å halda makta ansvarleg, og registrera seg for å få stemma.

  1. november er det mellomval i USA. Mellomvalet i 2014 hadde den lågaste valdeltakinga sidan andre verdskrig. Færre enn 37 prosent deltok.

– Når ein stor del av folket ikkje deltar, kvifor er me overraska når politikken vår ikkje speglar att verdiane våre? spurde Obama kring 5000 studentar på Universitetet i Miami.

I presidentvalet i 2016 fekk Trump støtte frå berre éin av tre av veljarane under 25 år. Hillary Clinton fekk støtte frå over halvparten av dei yngste veljarane.

Fakta: Mellomval i USA
  • 6. november er det val på alle dei 435 seta i Representanthuset og 35 av seta i Senatet.
  • I tillegg er det val på 39 guvernørar i dei 50 statane i USA.
  • I desse mellomvala er det til vanleg berre kring 40 prosent som nyttar stemmeretten sin.
  • Kvart fjerde år er det presidentval. No er det to år til neste presidentval.
Senatet og Representanthuset har plass i Kongressen i Washington D.C. Det tilsvarar Stortinget i Noreg. Foto: Wikipedia