No er det 13 års aldersgrense på sosiale medium i Noreg

Inga lov i Noreg sa at ein måtte vere 13 år, sjølv om dei som laga dei ulike sosiale media hadde det som grense. No har aldergrensa blitt ei lov i Noreg.

Olve Abeltun (11) har Snap Chat. Det har Lineah Kleppe (11) også. I tillegg har ho Instagram. Johan Vågsholm (10) har ikkje noko sosial media-konto, men han veit veldig godt kva det er.

Olve og Lineah fekk konto på Snap Chat då dei var rundt 9-10 år. Dette var eit gjennomtenkt val dei tok saman med foreldra.

På godt og vondt

Eg er litt redd for å misse kontoane mine, men mamma er på Instagram sjølv og ho veit både kven og kva eg brukar det til, seier Lineah.

Lineah og Olve har berre kontakt med venner og familie på Snap Chat og Instagram.

Det er ganske bra med sosiale medium, for her om dagen klarte bestemor sjå at eg var på veg i feil buss. Då gav ho meg beskjed om det, seier han.

Akkurat det at folk kan sjå kvar du er kan vere eit problem, seier Johan.

Folk du eigentleg ikkje kjenner kan vite kvar du er og finne deg. Det er ikkje bra.

Snakk med ein vaksen

Linneah er opptatt av at ein må passe på kva ein seier på sosiale medium. Det er fort gjort at folk blir mobba eller utestengt.

Det er ikkje bra, derfor er det viktig å ha ein vaksen å snakke med om det skulle skje.

Dei forstår delvis den nye lova, men dei meiner at så lenge ein har snakka med foreldra, så bør det vere greit.

Regelen er for å brukast

Direktør i Medietilsynet, Mari Velsand, seier til Framtida Junior at aldersgrensa er sett til 13 år fordi selskap som Facebook og Snap Chat ikkje skal kunne samle inn, og bruke barna sine personopplysningar. Medietilsynet meiner at denne aldersgrensa som er sett bør følgast. Det er også viktig at barna snakkar med foreldra sine om kvifor aldersgrensa er sett, og korleis sosiale medium fungerer.

“Ver klar over at viss borna opprettar ein profil før fylte 13 år, så må dei lyge på alderen” (Medietilsynet)

Råd om bruk av sosiale medium

  • Følg aldersgrensa. Etter juli 2018 er 13 år nedre aldersgrense, og dette er òg del av norsk lov. Dette er av personvernsomsyn og for vern av barn.
  • Snakk saman med foreldra dine om kva som er greitt og ikkje greitt å seie på nett når du snakkar eller kommenterer bilete eller statusoppdateringar.
  • Spør om lov før du legg ut bilete eller annan informasjon om andre. Dette er eit forbod ved lov.
  • Lag klare regler for bruk i familien og snakk om konsekvensar. Foreldra dine skal respektera borna og spørja om lov til å legga ut bilde av deg.

Tal om sosiale medium

  • Berre 16 prosent av barn mellom 9 og 12 år følgjer alltid aldersgrensene på sosiale medium
  • Tre av ti barn følgjer aldri aldersgrensa, men halvparten følgjer den nokre gonger.
  • Over 90 prosent av alle gutar på 10 år og jenter på 11 år har sin eigen smarttelefon med tilgang til internett.