Ei halv grad med enorme konsekvensar

Den nye rapporten frå FN sitt klimapanel slår fast at 2 grader global oppvarming vil vere meir alvorleg enn venta.

Rapporten syner at temperaturen på kloden allereie har auka med éi grad, og at det vil vere avgjerande at auken ikkje overskrid 1,5 grad. Følgjene av ei global oppvarming på 2 grader vil vere meir alvorleg enn tidlegare anteke.

– Denne rapporten viser alvoret og må vere ein kraftig vekkjar for oss alle. Det er framleis mogleg å avgrense temperaturauken til 1,5 grader, men då må vi handle no, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) i ein kommentar på e-post til NTB.