Søsken på godt og vondt

Korleis er det å bu med søsken? Vi har snakka med Fride (10), Hani (11) og Markus (10).

FAKTA: Om søsken
  • 80 prosent av norske barn har søsken, ifølgje Statistisk sentralbyrå.
  • Det er 1 113 074 barn mellom 0 og 17 år i Noreg i dag.
  • Heile 892 870 av desse barna har søsken, medan 220 204 barn er einebarn.
  • Søsken er to eller fleire barn som har felles foreldre. Søsken må altså ha same far og mor.
  • Barn med berre ein felles forelder (felles far eller mor) vert kalla halvsøsken.
  • Barn uten felles foreldre vert kalla stesøsken, og er som oftast ikkje i slekt genetisk.
LES FAKTALUKK FAKTA

Fride Stenberg (10)

FOTO: Janne Nerheim

Har du søsken?

– Eg har ein storebror som er 12 år.

Korleis er det å ha søsken?

– Irriterande. Søsken trur dei kan gjere alt. Til dømes det å banne, rekke bannefingeren og å slå. Dei kan sladre også. Men, det kan også vera fint å ha søsken, for då har ein nokon å skulde på. Viss eg stel sjokolade, skuldar eg på bror min. Det er irriterande når folk seier eg liknar på bror min.

 

Hani Ahmed (11)

FOTO: Janne Nerheim

Har du søsken?

– Eg har fire brødre. Tre er eldre, og ein er yngre. Syster mi døydde då ho var 9 år.

Korleis er det å ha søsken?

– Det er fint å ha brør. Viss eg er oppteken eller på trening, passer dei på veslebror min. Dei hjelper mamma og pappa heime. Dei spelar fotball med meg, og eg synest dei er snille. Når eg spør om å låne mobilen deira, svarar dei at det er greitt. Det er i grunn ikkje noko som er vanskeleg med å ha søsken. Viss eg har besøk, plagar ikkje brørne mine meg.

 

Markus Sørheim (10)

Har du søsken?

– Ja, eg har to eldre søsken. To søstrer.

Korleis er det å ha søsken?

– Nokre gongar er det gøy, og nokon gongar er det litt irriterande. Den yngste storesøstra mi spelar eg slåball med. Ho hjelper meg også med oppvasken. Den største storesøstra mi er ofte hos kjærasten sin, så ho ser eg ikkje så mykje no. Då tek eg ofte ladaren hennar, sidan ho ikkje er heime. Det er irriterande når ho yngste seier at eg sladrar, men så gjer ho det sjølv. Det er også irriterande når den yngste storesøstra mi har besøk. Då oppfører ho seg annleis.