Skrivekonkurranse for mellomsteget

Framtida junior lyser ut ein skrivekonkurranse til alle skular, med fine premiar. Målet er å skapa skrivelyst og skriveglede på nynorsk. I tillegg til fine premiar kan tekstane også bli trykt i Framtida junior.

Frist for å levere er 19. oktober.

Premiar: 1. premie: 500 kroner og abonnement på Framtida junior i 2 månader.

Alle klassar som er med i konkurransen er med i trekkinga på klassesett av papiravisa.

Slik gjer du det?

  • Du må velje mellom tre oppgåver.
  • Du kan velja å skrive som faktaartikkel, avisinnlegg eller dikt.
  • Oppgåva må skrivast på nynorsk.
  • Gå gjennom kriteria før du sender teksten.

 

Elevane må velja mellom desse oppgåvene

OPPGÅVE 1:  Kva har song å seie for deg?

Tips til kva du kan skrive om:

  • Skriv om songen du ikkje får ut av hovudet.  Kva er det med songen som gjer at det er så vanskeleg å få han ut av hovudet?
  • Skriv om ein song som er viktig for deg. Kva er det som gjer denne songen viktig? Kvifor bør andre høyre på denne?
  • Kva kan ein song gjere med oss? Korleis kan song trøyste og glede?
  • Saknar du meir song i skulen? Korleis bør ein bruka song i skulen?

OPPGÅVE 2: Framtidas skule

Tips til kva du kan skrive om:

Skriv om korleis skulen er i framtida? Har ein robotar, lærarar, bøker, nettbrett? Har alle skular kantine med varm mat? Et ein larvar og insekt? Korleis er det med karakterar? Har ein uniform? Korleis er det med mobbing? Korleis er undervisninga? Er det heimeundervisning? Korleis er det sosiale miljøet? Kva er det viktigaste ein lærer?

OPPGÅVE 3: Favorittdyret mitt

Tips til kva du kan skrive om:

Har du eit favorittdyr? Kva dyr er dette? Kvifor er dette dyret ditt favorittdyr?

Skriv fritt om ditt favorittdyr.

 

KRITERIA ER:

Dette vere med Eg har med (kryss ut)
Eg har ei overskrift som passar til teksten.
Oppgåvenummeret står tydeleg merka.
Namnet mitt, alder og skulen sitt namn står under overskrifta. (Umerka tekstar kjem ikkje på trykk)
Eg har valt ein sjanger som eg kjenner meg trygg på.
Eg har skrive ein samanhengande tekst. (Dette gjeld ikkje om du har skrive dikt).
Eg har brukt skriftstorleik 12.
Eg har brukt fonten – Times new roman
Teksta bør vere mellom 100 og 350 ord.
Eg har fått godkjenning av føresette at namnet mitt kan koma på trykk.
Eg sender det til christian @ framtida.no og merker emnefeltet med SKRIVEKONKURRANSE. (Lærar kan sende ein fellesmail)