Dagen for tilgiving

8. september er dagen for å seie unnskyld og be om tilgiving.

I løpet av livet vil vi alle såre nokon. Ja, vi vil alle bli såra ein eller annan gong. Kanskje vi føler oss dårleg behandla og slenger ut av oss noko som vi eigentleg ikkje meiner?

Det er som oftast lettare å såre nokon, men det er vanskeleg å be om tilgiving.

Korleis kan du markere denne dagen?

  • Har du såra nokon, fortel at du er lei deg.
  • Er det vanskeleg å fortelje det, kan du kanskje skrive det ned?
  • Om nokon som har såra deg kjem og ber om unnskyldning og tilgiving, ta imot.