Med verda som klasserom

Telma (11) og Torbjørn (13) er ofte på tur med foreldra sine. Då har dei heile verda som klasserom. Det er der dei lærer mest, synest dei.

(Husk å kike gjennom biletegalleriet)

Telma er glad i den vanlege skulen også. Når ho og familien er ute på tur, saknar ho både vener, skulen og lærarane sine. For Torbjørn er det ikkje heilt slik. Han trivst best når han er ute på nye eventyr, men han saknar sjølvsagt venene sine.

Eg likar å lære og utforske ting på min eigen måte, seier Torbjørn. Litt som då vi fekk ein enorm edderkopp om bord i båten. Då fekk eg mest lyst å studere han, men mamma kasta han forståeleg nok til sjøs.

Klappa ein hai

Dei har møtt mange dyr. Krokodille, fått besøk av sjøløve i båten, sett slangar, giftige froskar og blitt tatt imot av ein flokk delfinar. Dei har opplevd kulturar som er heilt ulikt det ein har i Noreg.

På sine selgturar med båten Kairos har Telma og Torbjørn sett og opplevd meir enn kva ein normalt vaksen nordmann har gjort i løpet av eit langt liv. Dei har til og med klappa ein hai, fortel Torbjørn. Det skjedde ein gong då han og Telma var ute og bada.

Vi mata han med sjølvfiska fisk også, seier han.

(Teksta held fram etter bilete)

Torbjørn og krokodilla ved Panama-kanalen. (Alle foto: Torkil Færø og Tone Elin Solholm)

Lærer mykje

Mamma, Tone Elin, fortel at Torbjørn forstod fort at mattepensum var noko han måtte gå gjennom, så han stod ofte tidleg opp og gjorde matte før han fekk utforske livet der han til ein kvar tid var.

På skulen brukar vi lengre tid på å lære oss ting, men på tur tek det mindre tid. Det er det eg likar med å ha «båtskule», fortel han.

Meir sosiale på tur

Foreldra er ikkje redde for at barna ikkje lærer det dei skal. På turar må Telma og Torbjørn forholde seg til andre menneske heile tida.

Ein er meir sosial, enn i eit vanleg klasserom. I klasserommet har ein dei same folka rundt seg heile tida, men på turar blir ein flink til å møte andre mennesker og kulturar.

Telma fortel at ho møtte Kuna-indianarar i Panama som ho lærte litt av språket til. Og ho kan fortelje at indianarar ikkje ser ut slik vi kanskje ser dei føre oss. Nokre gjekk i vanlege klede, medan andre gjekk i tradisjonelle klede.

(Teksta held fram under bilete)

Telma leikar med nokre indianarbarn for nokre år tilbake, då ho var yngre. (Foto: Torkil Færø og Tone Elin Solholm
)

Opnar opp verda

Det er verdifull læring der dei får sjå verkelegheita. Slik vi har det i Noreg er ikkje normalen, og det er fint at dei får treffe andre barn dei kan lære av.

Og så må dei også lære å takle dei dårlege dagane når det er skummelt vér og saknet etter vener og familie melder seg.

Neste vår planlegg dei ein ny tur, då skal dei fortsette ekspedisjonen dei har med å segle rundt jorda. Då blir det på nytt «båtskule» og nye oppdagingar.

Guden Kairos. Illustrasjon: Tonje Gjelsten / kairosworkshops.com

Fakta

Båten dei har er ein katamaran, som er ein båt med to skrog. Båten heiter Kairos. Kairos var ein gresk gud for det flyktige augeblikket, som vil forsvinne for alltid dersom ein ikkje griper tak i det. Kairos hadde vengar på føtene, og ein kraftig pannelugg som ein måtte gripe tak i før han forsvann.

Galapagos er ei øygruppe i Stillehavet. Namnet kjem frå det spanske ordet galápago som betyr skilpadde. Øygruppa er freda, men open for turistar kontrollert av styresmaktene. Det er strengt forbode å etterlate seg noko som helst, og totalforbod mot røyking.

Ei kjempeskilbadde på galapagos. (Alle foto: Torkil Færø og Tone Elin Solholm)