Har du lyst til å bli junior-journalist? 

Her kjem sjansen! Vi ser etter barn som vil vera junior-journalistar.

Framtida Junior skal vera avisa for alle barn i heile Noreg, og skriv på nynorsk. Me søker etter skriveglade og nysgjerrige barn som vil vera junior-journalistar for oss. Då kan du få artiklane dine på trykk i papiravisa og nettutgåva vår, og du får læra mykje om å vera journalist.

Framtida Junior skal arrangera fleire kurs på Vestlandet i haust. Kanskje kjem me til skulen din?

Korleis kan du bli med?

  1. Skriv 50 ord om kvifor du har lyst til å bli junior journalist.
  2. Skriv ned 3 idear til kva du kan tenkja deg å skriva om
  3. Du må vera 13 år eller yngre, og ha godkjenning frå foreldra dine.
  4. Send ein e-post til oss der du skriv: Namn, alder og adresse. Legg ved artikkelen og orda du skreiv om deg sjølv.
  5. Send til svein @ framtida.no innan 20. september.

Lukke til!

Har du spørsmål, eller har lyst til at Framtida Junior kjem på besøk til skulen din? Ta gjerne kontakt på epost: svein @ framtida.no