‒ Ekle små dyr

Heile familien til Anna Maria (7) og Elisabeth (8) fekk lus i fjor haust. Dei håpar alle skulebarn blir sjekka slik at flest mogleg slepp å få lus.

Vi trur det var eg som fekk lus først, men mamma oppdaga det på alle samtidig. Både bror min, syster mi og mamma fekk det også, fortel Elisabeth (8).

Dei hadde besøk av ei venninne av mora som skulle flette håret til Elisabeth. Då såg ho med eitt noko som kravla rundt i håret.

Panikk i heimen

Det var vel i grunn mamma som fekk mest panikk. Eg likte det heller ikkje. Tanken på at eg hadde små dyr i håret var ekkel, seier ho.

Dei hadde ikkje hatt lus i hus før, så mora hennar gjorde alt ho kunne for å få vekk lusa.

Eg følte jo at eg hadde dei i minst eit år, men det var jo vekke på nokre dagar. Dei forsvann fort då mamma vaska håret med luseshampo. Ho sjekka oss mange gongar etterpå, fortel Elisabeth

Klødde i håret

Då Elisabeth fekk lus sjekka mora bror hennar og systera Anna Maria med ein gong. Mora til Anna Maria fann lus i håret hennar.

Eg klødde i håret, og syntes det var godt å få lusa vekk. Det var deilig når mamma vaska håret med den sjampoen, fortel ho.

Rask lus

Då mora til jentene sjekka håret deira over vasken, gjorde dei eit eksperiment med lusa. Dei lot småkrypet ligge på vasken, og så la dei eit hår ved sida av lusa.

Vi var overraska over kor fort den kom seg oppover det håret!, fortel Anna Maria.

Jentene håpar alle som går på skulen sjekkar seg slik at det blir mindre lus.

Gjer det! Det er ikkje gøy, seier Elisabeth.