Skal du på kino i helga?

Denne helga har «De utrolige 2» premiere på kino!

Barnefilm med premiere fredag 24. august:

«De utrolige 2»

FOTO: Filmweb

Noregspremiere: 24.08.2018

Aldersgrense: 6 år

Lengd: 2 t. 5 min.

I “De Utrolige 2” blir Helen oppfordra til å lage ein kampanje for å bringe Superheltane tilbake, medan Bob taklar det daglege heroiske og “normale” kvardagslivet heime med Voletta, Dash og baby Jack-Jack. Babyen har superkrefter som er i ferd med å bli oppdaga.

 

 

Barnefilm med premiere sundag 2. september:

«Amatører»

FOTO: Filmweb

Noregspremiere: 07.09.2018

Aldersgrense: Tillatt for alle

Lengd: 1 t. 42 min.

Den vesle staden Lafors prøver å lokke til seg den tyske lavpriskjeda Superbilly, noko som vil skape mange etterlengta arbeidsplassar. Kommunen utlyser ein videokonkurranse og venninnene Dana og Aida går i gang med pågangsmot, smarttelefon og selfiestang. Men filmen jentene lagar om heimstaden er ikkje akkurat slik kommunen ønskjer å vise fram.