Slik får du ein trygg skuleveg

Det er mykje tryggare på skulevegen no enn det var for ti år sidan.

Langt færre barn skadar seg på veg til og frå skulen samanlikna med tal for ti år sidan, viser ei oversikt frå Transportøkonomisk institutt.

Tryggare veg

Forskarane har sett på ulykker på skulevegen for barn i 1. til 10. klasse i åra 2007 til 2016.

– I 2007 vart 331 barn skadd eller drepne på veg til eller frå skulen. I 2016 var talet 94, seier Guro Ranes, avdelingsdirektør for trafikksikkerhet i Statens vegvesen til NRK.

Av desse 94 var det to som døydde, 11 vart hardt skadd og 81 lettare skadd.

 

Tips frå Trygg Trafikk:

  • Velg den tryggeaste vegen når du går til og frå skulen.
  • Stiar, gårdsvegar eller liknande kan vera tryggare å gå, sjølv om skulevegen kan bli litt lengre.
  • Viss foreldra dine køyrer deg, stopp gjerne eit stykke frå skulen, slik at du kan gå den siste biten åleine eller saman med andre.
  • Du bør vera 10-12 år før du sykler åleine i trafikken.