Heftig diskusjon om VM

Å bli einige om kven som vinn Fotball-VM er ikkje alltid like lett.

– Eg må nesten heie på Russland i år, seier Diana. – Sidan eg er russisk.

Men ho får ikkje dei andre med seg. Det er stor usemje blant dei fire fotballentusiastane.

– Eg har uansett stor tru på eit europeisk lag i år, seier Diana.

Vanskeleg å velje

Njål er halvvegs einig. Han har meir tru på fotballnasjonen Brasil som har vunne VM fleire gongar.

– Men eg held ein knapp på Tyskland også. Dei har mange gode spelarar  og eit godt forsvar, fortel han.

– Det er ikkje alle laga som har kontroll, seier Waldemar. – Men Brasil er både raske og har teknikken inne. Noko som trengs for å kunne vinne VM.

Dina er einig i at Brasil kan vere blant topplanda som kan stikke av med sigeren.

– Eg er ingen ekspert, men eg veit at dei gjer det bra.

Kjøpte spelarar

For Naphtalahi er det England som gjeld.

– Dei har gode spelarar, seier han før han blir avbrutt av Njål.

– England har ikkje mange gode spelarar! Spelarane på Liverpool, Manchester og dei andre laga har kjøpt inn spelarar frå utlandet. Slik som Salah som spelar på Liverpool. Han spelar for Egypt under VM.

– Om ikkje Brasil eller Tyskland vinner hadde det vore kult om Egypt kom seg langt opp. Der spelar nemleg min favoritt, Salah for Liverpool, seier Njål.

IKKJE einige

Når gruppa på fire skal finne topp-fem under fotball-VM blir det høglytt argumentasjon. Brasil kunne delvis få fyrsteplassen, sjølv om dei ikkje var einig.

– Det hadde vore enklare å fått laga topp-ti, seier Njål. – Dette var umogeleg!

Diana utfordrar gutane i stein-saks-og-papir for å bli einige.

– Det går ikkje an å ta stein-saks-og-papir på dette, seier Njål, og reiser seg i det Waldemar tek utfordringa til Diana.

Einig blei dei ikkje av det heller. Og det er kanskje ikkje så rart. Fotball skaper sterke kjensler for folk, og ein skal vere ueinig. Det er lov når ein kjem til fotball.

Dette tippar dei på topp-fem:

  1. Brasil
  2. Tyskland eller Frankrike
  3. Spania
  4. Argentina
  5. Belgia (England)

Kven trur du kjem til å vinne fotball-VM?

Kven trur du kjem til å vinne fotball-VM?

Brasil34
Argentina18
Spania12
Tyskland6
Frankrike158
England13
Belgia6
Sveits6
Mexico6
Sverige25
Anna land9
Svar totalt: 293