Verdas ende

Eit blikk og eit nikk,

ein rask replikk.

Så er det fort gjort,

å sjå bort,

 

gløyme at vi er her for kvarandre.

Livet er så kort,

vi er så heldige som har kvarandre.

Så skal vi glede oss over at vi ikkje er åleine,

 

det kan ingen meine,

huske på, det aller viktigaste er

vi er saman,

til verdas ende.