«Kattekrigerne» blir teikneserie

Den populære bokserien «Kattekrigerne» blir teikneserie, melder NTB.

Det er forlaget Juritzen som har gitt ut fantasybøkene sidan 2013, og skrivekollektivet Erin Hunter lager serien. Eit skrivekollektiv er fleire forfattarar som skriv ein bokserie saman. Erin Hunter består av forfattarar frå både England, Skottland og USA. Desse bøkene er gitt ut i over 30 land.

I Noreg har bøkene om kattane blitt ein av dei største boksuksessane for barn.