Lottogevinst vil ikkje gjere deg lukkeleg

Trur du lukka er å vinne mykje pengar? Då må du tru om att.

3.300 menneske har delteke i studien svenske forskarar har gjort ved Handelshøgskolen i Stockholm. Blant desse var det fleire som har vunne mykje pengar i svenske lotteri.

No, mange år etter dei vann, vart dei spurt om helse, lukke, og kor nøgd dei er med livet.

Forskarane samanlikna svara deira med personar som ikkje har vunne, men som har spelt like mykje.

Meir nøgd

Forskarane fann ut at dei som har vunne pengar er verken meir eller mindre lukkelege enn dei som ikkje har hatt hellet med seg.

– Lykke er meir ein følelse vi har i magen, mens å vera nøgd handlar om korleis ein ser på livet sitt, seier lektor i økonomi Erik Lindqvist ved Handelshøyskolen i Stockholm til Dagbladet.

Den einaste skilnaden var at vinnarane er meir nøgd med økonomien sin. Elles var det veldig likt mellom dei to gruppene, både når det gjeld familie, heim, helse og lukke.

I Noreg var det cirka 1,96 millionar som spela Lotto i 2017.