Framtidajunior Visste du at? Vi lærer framleis at denne myten er sann
ILLUSTRASJON: Ragnhild Sofie Selstø

Vi lærer framleis at denne myten er sann

Trass i at tungekart-teorien er prova feil av forskarar i mange tiår, lærer vi framleis at tunga er delt opp i smaks-soner.

Du har kanskje sett eit tungekart som visar kor tunga vår kan kjenne dei ulike smakane?
På kartet ser vi at tungespissen kan fange opp smaken av søtt, og på kantane smakar vi surt og salt. Heilt bak på tunga kan vi kjenne bitre smakar, skriv Framtida.no.

Men visste du at tungekartet er ei myte?

Faktisk kan dei rundt 8000 smakslaukane vi har på tunga fange opp alle smaksnyansane. Kvar smaksløk har frå 50 til 100 mottakarar stilt inn på kvar kategori, med ein lik mottakar i hjernen som mottar smakssignala.

Tysk forskar

Den tyske forskaren D.P. Hänig laga det fyrste tungekartet. I 1901 draup han stimulerande væske tilsvarande salt, søt, sur og bitter smak langs kanten på tunga til forsøkspersonar. Så publiserte han ein artikkel kor han la fram resultatet frå forskinga si på smak.

Resultata viste at ulike delar av tunga faktisk fangar opp visse smakar lettare enn andre – men skilnadane er så små at det er vanskeleg, om ikkje umogleg for menneske å oppfatte.

Feil læring

Kartet han laga fekk det til å sjå ut som om ulike stader på tunga fanga opp ulike smakar, i staden for å vise at nokre delar av tunga er litt meir sensitive enn andre.

Til trass for at forskings provar mot tungekart-teorien, har den etablert sin plass i både den allmenne kunnskapen og på skulen.

Har du sett eit slikt tungekart på din skule?

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Flåm skule vann 1. premien under Nasjonalt digitalt lesedøgn

200 skular og nesten 10 000 elevar var med på den digitale lesefesten. 4. trinn på Flåm skule vann den gjæve 1. premien, som er 15 iPadar. – Fantastisk – Eg trudde det var ein aprilspøk, men så skjønte eg ikkje det heller, for det var...

VIDEOAR