Har nokon delt eit bilete av deg utan lov?

Eller kanskje du sjølv har delt noko utan lov? No har det kome ei nettside som skal vere til stor hjelp.

Ensnap.no er ei side som tek for seg ulike problemstillingar når det kjem til bilete som har kome på avveie.

Der kan du få tips og råd til kva du må gjere.

Strenge reglar

Det er strengt forbode å spreie bilete av andre utan at den som er på bilete har sagt at det er greit. Det gjeld nakenbilete og vanlege bilete.

Det er eit unntak frå regelen. Situasjonsbileter frå til døme ein fotballkamp eller frå publikum frå ein konsert krev ikkje samtykke.

Det er framleis viktig at du snakkar med ein vaksen dersom du opplever at det er spreidd bilete av deg på nett.

Nyttige sider

Sidene slettmeg.no og barnasjurist.no er i tillegg til ensnap.no gode sider om det skulle vere noko du treng hjelp til.