Fem ting du kanskje ikkje veit om jordbær

Kor tungt trur du verdas største jordbær er? Og kvifor er norske jordbær ekstra søte?

1. I gjennomsnitt et kvar nordmann cirka tre kilo jordbær i året.

2. Jordbær er faktisk ikkje bær, men ein «falsk frukt», ifølgje institutt for biovitenskap ved Universitetet i Oslo.

3. Lange lyse dagar, og kaldt klima, gjer at dei norske bæra brukar lang tid på å bli modne. Det gjer at dei vert søtare enn mange andre jordbær.

ILLUSTRASJONAR: Pixabay

4. Det tyngste jordbæret i verda er det du ser i videoen øvst i saka – det er heile 250 gram!

5. Jordbær er ikkje berre supergode, dei er også sunne! Dei inneheld både C-vitamin, folat og kostfiber.

Jordbæra du finn i butikken no er ikkje norske, men innan 23. juni vil dei ekstremt gode, norske bæra vere tilgjengeleg.