Har bygd verdas lengste kattegjerde

I Australia har dei no bygd eit enormt gjerde som skal skape eit trygt område for truga pungdyr.

Gjerdet er 44 kilometer langt og er laga av 85.000 gjerdestolpar, 400 kilometer metalltråd og 130 kilometer netting, skriv Kiwikids News.

TRENG HJELP: Denne vesle krabaten skal no få fred frå villkattane.

Kattar på jakt

I dette området skal dei truga artane få sjansen til å formeire seg. Her er dei trygge frå villkattar som er på jakt. Døme på artar som er pungdyr er: Kenguru, koala, pungrotte, wallaby og vombat.

LANGT: Her er ein liten del av gjerdet som no er sett opp for å beskytte pungdyra. FOTO: Skjermdump / YouTube

Villkattane er ikkje berre ein trussel mot pungdyra.

Mange fuglar vert også drepne kvar natt, og fleire fugleartar er utrydda grunna villkattane.

LES MEIR: 1 av 8 fugleartar kan døy ut