Stortinget seier ja til å bruke klasserom til bønn og andakt i friminutt

Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag og andre skal få bruke skular og andre offentlege rom til bønn og andakt, meiner Stortinget.

Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag har opplevd at rektorar har sagt nei til at dei kan samlast til bønn og andaktar i friminutta, skriv Dagen.

Får lov

No har spørsmålet vore til behandling i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, og dei har bestemt at Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag skal få bruke skular dette, melder NPK.

I 2012 kom Framstegspartiet med eit forslag i Stortinget om å forby bønnerom i offentlege skular i heile landet. Den gongen vart dei stemt ned av alle dei andre partia, skreiv Vårt Land i februar i fjor.