Kan ein ha hund og katt i same hus?

Hunder og kattar kan verta bestevenner – eller dei kan vera uvenner for livet. Veterinær Eva Kristin Lunde fortel kva ein kan gjere om ein vil ha hund og katt i same hus.

Kattar og hundar som veks opp saman kan bli svært gode venner. 

Det er mykje opp til korleis du som eig dyra er i stand til å venna hunden og katten til kvarandre. Det avheng òg litt av kva for ein hund ein har. Hunder med sterkt utvikla jaktinstinkt kan iblant vera vanskelegare å trena til å akseptera ein katt enn ein hund med mindre utvikla jaktinstinkt.

Bruk tid

Dersom du har ein vaksen hund som pleier å sprina etter kattar han ser ute, bør du bruka tid på å venda den til at det er flytta ein katt inn i heime. Sørg alltid for at katten har høve til å flykta opp i høgda eller under ein sofa, og la dei aldri vera åleine utan tilsyn, til du ser at hunden har akseptert den nye familiemedlemmen.

Dei fleste hundar kan trenast til å godta ein katt i familien, men det vil likevel vera normalt at same hunden spring etter framande kattar han møter ute. Det er veldig spennande for ein hund å få ein katt til å springa. Dei færraste hundane vil angripa og bita eller drepa ein katt. Dersom hunden din har gjort dette mot ein katt, bør du aldri gå til innkjøp av katt så lenge du har denne hunden.

Kvalp og kattunge

Den lettaste måten å få hundar og kattar til å akseptera og elska kvarandre på er å skaffa seg kvalp og kattunge samstundes og la dei veksa opp saman.

Dersom ein alt har ein vaksen katt og vil skaffa seg kvalp, gjeld same prinsipp, la dei aldri vera åleine før du over tid har sett at dette går bra. Ein katt kan gjera store skadar på ein hund om han går til angrep eller slår mot hovudet på hunden. Katteklor på hunden sin auge er ikkje til å spøka med.