Kvart år blir det skrive saker om korleis dei vaksne skal kle seg på jobben. Nokre plassar har dei strenge kleskoder. Det vil seie at dei må kle seg etter reglar.
Folk som har uniform på jobb brukar sjølvsagt dette, men der ein ikkje har uniform er det mange som meiner at ein må kle seg etter korleis kundegruppa er.
På arbeidsplassar der det er strenge reglar er det nokon som meiner det er urettferdig at damer kan gå med skjørt når det er varmt, medan menn må gå i bukse.
Korleis er det på skulen din? Får du bruke shorts?