Fortnite har tatt over 1. plassen

Før var det Minecraft som engasjerte flest spelarar rundt om i verda. No er det gratisspelet Fortnite som har tatt verda med storm.

Gode, norske spelarar

Jonathan Bergius «Method jetpacks» (23) – Noregs beste uoffisielle spelar
Thomas Paste (27): Noregs største Fortnite-streamer på Twitch

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva går Fortnite ut på?

Fortnite er eit dataspel. 100 personar sit i ein kampbuss som flyg over ei øy. Du vel sjølv når du vil hoppe ut. Oppgåva er å lande på ein bra plass der du samlar inn våpen og ressursar for å kunne overleve lengst mogeleg. 1. mai slapp spelet sin fjerde sesong.

Gode tips når ein spelar Fortnite

  • Det er best å prioritere skjold over medisin. Skjold kan beskytte deg, men medisin kan ikkje beskytte. Det kan berre gjere deg frisk.
  • Det er lurt å ikkje oppgi posisjonen din utan grunn. Om du har mange fiendar rundt deg er det lurt å vere heilt i ro ei stund for å unngå merksemd.
  • Du bør ikkje skyte på fiendar utan at du er i stand til det. Helst i ein situasjon der fiendane ikkje ser deg.
  • Det er lurt å stå heilt roleg og fyre av eitt skot av gangen når du skal skyte på fiendar.
  • Ikkje hogg ned store ting til det ikkje er meir igjen. Om du gjer det vil andre sjå deg lettare. Stopp når objektet har litt liv igjen, og gå vidare til neste hoggbare ting.
  • For å kome seg ned frå ei stor høgde kan ein falle litt, bygge litt golv, og gjenta prosessen før ein er heilt nede.
  • Det er lurast å bruke treverk når ein skal bygge. I kamp vil ein metallvegg raskt bli skutt ned.
    (Kjelde: tek.no)

Fortnite blir e-sport

E-sport, elektronisk sport, er elektronisk konkurransespeling som foregår på eit profesjonelt nivå. Ofte i turneringar der dei sterkaste spelarane kan vinne pengar.

Fortnite har regjert i seks månader på toppen av lista over det mest spelte spelet. No vil Epic Games at spelet skal bli til ein E-sport.  Dei stiller med 800 millionar kroner i premiepengar fordelt på ulike turneringar. Det er uviss kor mange turneringar eller liga det er snakk om enno.

Spelar du Fortnite?

Spelar du Fortnite?

JA1140
NEI48
Har prøvd54
kjedeleg34
Likar det ikkje16
Digger det113
Znnnnork36
<331
Svar totalt: 1472