Stor konflikt då USA opna ny ambassade i Jerusalem

Dette har skapt strid og uro på grensa mellom Israel og Gazastripa. Men kvifor er det konfliktar?

NRK.no melder at mange personar er skadde og at fleire har vorte drepne i demonstrasjonar og uro.

På dagen då ambassaden opna var det også 70 år sidan Israel blei erklært som eigen stat. Det var forventa at opprøret ville auke då USA opna si ambassade kl 15, norsk tid. – Noko det også gjorde.

Kvifor er det konflikt?

Grunnen til at det er konflikt er fordi både Palestina og Israel har ynskja å ha Jerusalem som sin hovedstad. Etter at FN (Dei Forente Nasjonar) i 1948 delte Jerusalem i to, i det som den gang var Palestina, vart Vest-Jerusalem ein del av Israel, og Aust-Jerusalem blei styrt av Jordan.

I 1967, i Seksdagerskrigen, okkuperte Israel Jerusalem som sin hovedstad.

FN meinar at Jerusalem må avklarast gjennom forhandlingar, noko Donald Trump braut, då han gjekk i mot FN og erklærte Israel som hovedstad og planla at han ville legge ambassaden der. Andre land har sine ambassadar i byen Tel-Aviv, i Israel.

FN blei oppretta i 1945 rett etter andre verdskrigen. 50 land signerte avtalen då FN blei oppretta. Målet var å skape fred i verda og samarbeide om å løyse verdsproblematikken.