Kvifor har vi fri 1. mai?

1. mai er den internasjonale demonstrasjonsdagen for arbeiderrørsla. Men kva vil det eigentleg seie?

Arbeidarane sin internasjonale kampdag kjem frå USA, og blei innført allereie i 1890. I Noreg blei det også innført same år.

I Noreg er det ein offentleg høgtidsdag og offisiell flaggdag.

Ei fagforeining er noko mange melder seg inn i når ein jobbar. Ei fagforeining jobbar for å betre vilkåra for arbeidarane på arbeidsplassen.

1. mai brukar fagforeininga å markere seg med å gå i tog der dei gjerne har parolar, det vil seie plakatar, med slagord og ting dei kjempar for.