Hausten 2017 las 35 000 elevar på 6. trinn utdrag frå ti norske skjønnlitterære bøker for aldersgruppa 10-12 år. Deretter stemte elevane fram dei fem beste utdraga, som blei superfinalistar til Bokslukarprisen.
Fem juryklasser har lese alle bøkene og gjort seg opp ei meining om kva for ei bok som er best. På verdas bokdag, 23. april, blei vinnaren kåra.
Elevar på 6. trinn valgte Egoland av Lars Joachim Grimstad til sin favoritt.
Dei nominerte var:
Jan Tore Noreng: Ukjent fare (Gyldendal)
Arne Svingen: Et hundeliv (Gyldendal)
Lars Joachim Grimstad: Egoland (Aschehoug)
Bjørn Ingvaldsen: Lydighetsprøven (Gyldendal)
Aleksander Kirkwood Brown: Svart senker natten seg (Omnipax)