Nasen kan meir enn du trur

Den som prompen først er var, den er prompens rette far. Den som seier desse ord, den er prompens rette mor. Kven er du, den som kjenner prompen først eller sist?

Mette Bratt er luktforskar, lege og sjef på Klinikk for øyre-nase-hals, kjevekirurgi og augesjukdommar på St. Olavs Hospital i Trondheim. Når Mette og kollegaene hennar måler luktesansen til ein person, deler dei den opp i tre, skriv Forskning.no.

Kor mykje lukt skal til for at du legg merke til den? Klarar du å skille den frå andre lukter? Og klarer du å seie kva du luktar?

Større nase enn du trur

Kanskje du kan lukte promp, men ikkje om den er langt vekke. Det betyr at det skal mykje lukt til for at du skal kjenne den. Nokon synest det er vanskeleg å sette fingeren på kva lukt dei kjenner, om det er sitron, rose eller noko anna.

Nasen er mykje større enn det du ser i spegelen. Den held fram ti centimeter lenger inn. Øvst i nasen sit enden av luktenervane som fangar opp luktstoffer i lufta. Dei sender signal langs nervar som går gjennom skallebeinet og opp til luktelauken som sit heilt oppe ved hjernen. Luktelauken sender signala vidare til luktsenteret i hjernen, som fortel oss kva me luktar.

Hos dei fleste menneska fungerer dette knirkefritt, men nokon har dårleg eller ingen luktesans. Det kan det vera fleire grunnar til. Nokon mister luktesansen heilt eller mellombels grunna hovudskade, polyppar, som er utvekstar på slimhinna i nasen, eller ei kraftig forkjøling.

Me hugser lukt

Lukt er knytt til hugsen din. Det er fordi det går nervar mellom luktsenteret og minnesenteret i hjernen, slik at me kjenner att ei lukt me har kjent før. Me koplar saman lukta som kjem, med minnet me har frå tidlegare.

Luktesansen er ikkje like viktig for oss menneske, som den er for ein del dyr. Men, om me manglar den, kan det gjere enkelte ting vanskeleg.

– Me kan få nokre problem, til dømes med å lukte om det brenn ein stad. Om me mister luktesansen, kan det også påverke smaken av maten. 80 prosent av det me smaker, treng me luktesansen for å kjenne. Og luktesansen kan også vera viktig for val av kjærast, seier Bratt.