Merkelege fakta om promp

Vi har samla 12 fakta om promping. Her er det garantert noko du ikkje veit!

  • Vi prompar om lag 14 gongar om dagen.
  • I gjennomsnitt prompar du ein halv liter tarmgass i løpet av eit døgn.
  • Eit menneskje kan til og med prompe etter at dei er døde.
  • Det meste av prompen din kjem frå luft du har svelgt gjennom mat eller drikke. Den er ofte luktfri og det gir ofte ein høg lyd.
  • Bakteriar i prompen kan gi små luftbobler. Desse blir ofte kalla smygarar, og kan lukte ganske vondt.
  • Illeluktande fjerting i små bilar har vist seg å føre til livsfarlege trafikksituasjonar.
  • Ein franskmann, Joseph Pujol, levde av å prompe. Han brukte å opptre, og kunne prompe ein heil song.
  • Verdsrekorden i talet på promp blei tatt av ein mann som prompa 141 ganger på ein dag.
  • Du prompar ekstra mykje av bønner, nøtter, erter, egg og kjøt.
  • Om du prompar i badekaret stig boblene opp mot overflata. Dette skjer fordi promp er lettare enn vatn.
  • Om du nektar å sleppe ut ein promp, går den tilbake til tarmen. Men fortvil ikkje. Den vil forsøke å kome ut litt seinare.
  • Fis, fjert, brakar, tarmgass og smygar er andre ord for promp.

Kjelde: Mageguiden.no med meir

I videoen øvst i saka kan du sjå Mr. Methane I Britain`s Got Talent. Han er ein profesjonell prompeartist.