Er du redd for fredag den 13.?

I dag er det fredag den trettande! Frå gamalt av har mange vore redde for denne datoen, men det er ingenting som tyder på at det er grunn til å vera engsteleg.

Fredag den 13. er rekna for å vera ein ulukkesdag. Men kvifor er det slik? Ingen veit heilt sikkert – men ein av teoriane er at det har samanheng med bibelhistoria.

Svikta av Judas

Den siste kvelden Jesus levde, satt han og dei 12 disiplane samen til bords. Judas svikta Jesus etterpå, og Jesus vart krossfesta. Etter dette var det mange som tenkte at det betyr ulykke å vera tretten til bords.

Faktisk så finst det mange hotell som ikkje har rom-nummer 13, og enkelte som har droppa den trettande etasjen.

Men, det er ingen grunn til å tru at dette er ein dag det skjer fleire ulykker. Faktisk så er det slik at Tryg Forsikring melder om 16 prosent færre bilskadar denne dagen.

Så, ta det med ro – og nyt fredag og helg!

(Kjelde: Wikipedia)