Brukte kjemisk våpen i Syria

For nokre dagar sidan blei det brukt kjemisk våpen i Syria. Byen Douma blei angripen med svært giftig kjemikaliar.

Det er heilt forbode. Det er faktisk nokre reglar som gjeld, sjølv når det er krig. Å bruke kjemisk våpen er ein av dei.

Kjemiske våpen er svært skadeleg og drep mange. Mange døydde under angrepet, også barn.

Kjemisk våpen kan vere giftige gassar som fører til at menneska får pusteproblem, blir blinde, får store skadar på huda eller døyr. Kjemisk våpen kan bli spreidd i gass, væske eller i fast form.

Mange land fordømmer det som hende

No er mange land og organisasjonar sinte på det som hende. Blant organisasjonane som engasjerer seg er Redd barna. Dei jobbar for at uskuldige barn i krig skal få det betre.

Kven som står bak denne forferdelege handlinga er usikkert, men mange trur det er president Bashar al-Assad, som står bak. Al-Assad er han som styrer i Syria.

Synest du dette er skummelt å lese, kan det vere lurt å snakke med ein vaksen om det.