50 år sidan Martin Luther King jr. vart drepen

Martin Luther King Junior er mest kjend for sitt arbeid for at svarte skulle ha same rettar som kvite.

Martin Luther King jr. kom frå USA og leia ein ikkje-valdeleg kamp for å betre levekåra for dei afroamerikanske menneska.

I sin kamp mot rasisme og urett vart han ein aprildag i 1968 drepen, berre 39 år gamal.

“I have a dream…

“I have a dream” (Eg har ein draum) kjem frå ein tale King heldt etter ein marsj i USA sin hovustad. I talen krevde han at det måtte bli etnisk likheit mellom svarte og kvite, og at all rasistisk diskriminering måtte ta slutt.

Martin Luther King fekk Nobels fredspris for sin innsats med å kjempe mot etnisk ulikheit.

Han har også ein eigen minnedag i USA. Tredje måndagen i januar er det offentleg høgtidsdag i USA. – Marthin Luther King Day. Denne dagen er til minne om han, og kampen han kjempa.