Slik kan du unngå å bli flau

Er du redd for å sleppe ein fjert i klasserommet? No er det forska på korleis du kan unngå å bli flau.

Forskar Li Jiang frå Carnegie Mellon University har forska på dette, i fylgje ei pressemelding frå springer.com.

I studien testa Jiang korleis folk reagerte då dei fekk sjå ein reklamevideo der nokon fjerta i ein yogatime.

Forskarane gjorde fleire slike forsøk i ulike situasjonar. Dei ville finne ut om det kunne hjelpe å sjå seg sjølv og situasjonen utanfrå.

Det var akkurat det dei kom fram til! Studien viste nemleg at dei som klarer å sjå seg sjølv som ein observatør, altså ein person som ser på det som skjer utanfrå, ikkje blir så flau.