Fleire fattige barn i Noreg

Fattigdom blant barn under 18 år har auka.

Ifylgje tal frå Statistisk sentralbyrå budde 101.000 barn under 18 år i eit hushald med låg inntekt i 2016. Det er ei lita auke frå 2015.

Alle barnefamiliar får noko som heiter barnetrygd. Det er pengar som skal gå til dei ekstra utgiftene foreldra får fordi dei har barn i huset. Pengane kan brukast til klede, mat, sykkel, fritidsaktivitetar osb.

Fram til barnet fyll 18 år har alle barn rett til å bli forsørga av foreldra. No vil nokre politikarar auke barnetrygda slik at barnefamiliar får meir pengar.