Korleis veit trea kva tid dei skal vakne om våren?

Dei kan sjå, kjenne, og berekne tid. No har norske forskarar vore med på å avsløre triksa trea har for å overleve vinteren.

Temperaturen i lufta kan lett lure den som ikkje passar på. Nokre stadar i landet har det vore over 12 grader i desember. Og heile 15 grader i februar. Å starte med knoppar for tidleg er katastrofalt for trea.

Korleis unngår dei det?

– Vinterkvilen har vore eit mysterium, seier professor Torgeir Rhoden Hvidsten frå NMBU til Forskning.no. Han har vore med i eit team av forskarar som endeleg har funne eit svar.

Dei har klart å vise at treet hindrar sine eigne celler i å snakke i lag. Då får dei ikkje snakka om å vekse om vinteren.

Tette kanalar

Når vinteren kjem er det eit hormon inne i treet som set i gong produksjon av eit stoff som heiter kallose. Dette stoffet tettar att kanalar som går mellom cellene inne i knoppen, fortel Hvidsten.

Når våren kjem vert kanalane opna att, slik at cellene får beskjed om å vekse. Difor gjer det ikkje noko at det er ein varm periode på vinteren. Knoppane må uansett vente på at dei tette kanalane vert opna litt etter litt.

Kan sjå og kjenne varme

Trea kan også oppfatte lys, dei liknar i grunn på augene våre. Dei kan sjå både rødt og blått lys. Og UVB-stråling. Nokre tre ventar med knoppar til dagane er lange nok.

Dei kan også kjenne kor varmt det er, og rekne ut kor lenge det har vore varmt. Difor er det ikkje så farleg om det kjem litt varme ei stund på vintertid.