Merkeleg vêrfenomen: «Blodsnø» falt over Russland

Har du fått beskjed om å ikkje ete gul snø? Men kva med oransje snø, trur du ein kan ete det?

I Aust-Europa er det mange som har lagt merke til at snøen som la seg på bakken er farga oransje, skriv Dagbladet.

Kva er det som fargar snøen slik?

Steven Keates som jobbar ved Storbritannias svar på Meteorologisk institutt, MET office, seier til avisa Independent at dei trur det er sand frå heftige sandstormar i Nord-Afrika som har blanda seg i snøen i Russland.

FOTO: Margarita Alshina

– Satellittbilete frå NASA viser mykje sand og støv frå atmosfæren som driv over Middelhavet. Når det regnar eller snør, så tek nedbøren med seg sand i atmosfæren, seier Keates til avisa.

Russiske Margarita Alshina publiserte fleire bilete av snøen på sin Instagram.