Om du ikkje tør er du pyse! Eg veddar 100 kroner på at du ikkje gjer det!

Kven har høyrt noko liknande før? Det har nok dei fleste. Mange barn, også vaksne, opplever gruppepress. Kanskje oftare enn du trur.

Når vi er i ei gruppe må vi ofte tilpasse oss kvarandre. Det er kanskje reglar ein følgjer utan at ein snakkar om dei. I ei slik gruppe kan ein kjenne på tryggleik og samhald.

Men slik er det ikkje alltid. Av og til vil ein føle at gruppa ikkje aksepterar deg, eller at dei har krav som du ikkje klarer å følgje. Då kan gruppepress oppstå. Det er ikkje alltid like lett.

Har du opplevd gruppepress?

Har du opplevd gruppepress?

Ja8
Nei3
Veit ikkje3
Svar totalt: 14

Positivt og negativt

Positivt: Av og til er gruppepress positivt. Av og til kan gruppa overtyde deg om at du kan meistre noko, eller kome deg ut av komfortsonen som gjer at du opplever noko positivt som du ikkje har gjort før.

Negativt: Andre gonger er gruppepress veldig negativt. Då kan ein bli pressa til å ta val som ikkje fører noko godt med seg. Då kan ein gjere ting ein eigentleg ikkje vil gjere. Det er rett og slett gruppa som får deg til å ta negative val.

Å stå imot negativt gruppepress er vanskeleg. Ein vil ofte bli godt likt og bli respektert, og då er det vanskeleg å stå imot fleirtalet.

Tre-på-skulen om gruppepress

Kva råd vil du gi til dei som opplever gruppepress?

Mulan

Stå opp for deg sjølv, sjølv om det er vanskeleg.

Lucia

Ikkje lat som du er ein annan. Om ikkje venene liker deg for den du er, så er dei ikkje gode vener. Ein kan vere ulike og ha forskjellige meiningar, og om ein er ueinig kan ein gjere avtalar slik at begge partar får bestemme litt.

Karlina

Det beste er å løyse problemet med å finne ei løysing. Men det kan vere vanskeleg. Kanskje du kan finne andre som forstår deg betre?

Døme på gruppepress

  • Mobbing
  • Erting
  • Stjeling / nasking.
  • Skulking
  • Juksing
  • Lyging
  • Merkekle
  • Språkbruk

Grunnar for at ein kan gi etter for press

  • Ein vil bli likt
  • Redd for å miste vener
  • Redd for å bli erta, mobba eller utstøtt
  • Vil ikkje vere imot gruppa
  • Synest det er lettare å dilte etter
  • Er redd for at du er den einaste som ikkje vil