Vil Erna Solberg si regjering gå av?

Etter at Sylvi Listhaug skreiv ei melding på Facebook har det vorte uro på Stortinget. Dersom KrF vel å ha mistillit mot Erna si regjering blir det fleirtal mot regjeringa.

Kristeleg Folkeparti (KrF) har i løpet av måndagen møte om kva dei meiner i denne saka.

Allereie har partia Raudt, SV, MDG, SP og AP valgt å kome med eit misillitsspørsmål i Stortinget. Om dei får med seg KrF vil det bli fleirtal. Mistillit betyr at ein ikkje har tillit til jobben som regjeringa gjer.

Dersom det går mot fleirtal for mistillitforslaget, er det mogeleg at Erna Solberg vil stille kabinettsspørsmål, som fører til at heile regjeringa går av.

Når ei regjering eller eit regjeringsmedlem truar med å forlate si stilling, om ikkje det nødvendige fleirtalet er på regjeringa si side, stiller dei kabinettspørsmål.

På tysdag vil ein vite meir, då dette skal opp i Stortinget.