Hunden forstår kva ord du seier

Ny forskning viser at hunden din ikkje berre forstår måten du seier ting på. Den kan også forstå orda du bruker!

– Dette betyr at det er viktig å tenkje på kva språk ein nyttar når ein gir ros til hunden, fortel Attila Andics, hjerneforskar ved Eötvös Loránd University i Budapest i Ungarn i ein e-post til Forskning.no.

MR-skanner

– Ved å rose hunden med ord kan du få same effekten som med godbitar. Hunden kjenner han får ei påskjøning. No kan vi betre forstå kva som skal til for å trene opp kvalpar, seier han.

Attila og hans kollegaer trente 13 familiehundar til å liggje heilt stille i ein MR-skanner i sju minutt. Slik kunne forskarane skanne hundehjernane medan eigarane snakka til hundane sine.

Forskerane såg at hjernen reagerte på ros, og at hunden kunne skilje mellom tulleord og ekte ord.